Ville tilstander

Denne 7-spels kampen i NM mixlag enda 35-11 (23-7) til oss, men det var mykje moro før vi kom så langt.

Rundenr 4   ª KJT95  
Spillnr 23(23)   © 543  
Giver: Syd   ¨ 965  
Sone: Alle   § 93  
  ª Q   ª 863
  © Q98   © AKJT6
  ¨ AQ83   ¨ JT7
  § AJ862   § 74
    ª A742  
    © 72  
    ¨ K42  
    § KQT5  

Vi sat nord- syd og meldingane gjekk slik:

Vest Nord (meg) Øst Syd (Arild)
      1 ruter (presisjon)
1 NT Pass 2 ruter (overføring) Pass
2 hjerter Pass 3 NT Pass
Pass Pass    

Eg spelte ut spar ti som lovar to eller ingen over. Arild stakk med esset og såg mistenksomt på dama hos speleførar før han vrei til ein kløver... Eg må med skam bekjenne at eg blei ein smule forbanna, men sett frå Arild sin plass er det sjølvsagt heilt umogleg å sjå at vest først har meldt inn 1 NT med singel spar og deretter passa 3 NT med singel spar og trekorts hjerter. Då er det mykje meir truleg at ho har K D kn i spar og legg dama for at han skal fortsetje i spar. Ja, ja... vi vant to imp på spelet sidan lagkameratane våre hadde fått 12 stikk i 4 hjerter.

Rundenr 4   ª K72  
Spillnr 24(24)   © QJT976  
Giver: Vest   ¨ 5  
Sone: Ingen   § A94  
  ª AQT643   ª
  © 52   © K43
  ¨ QJT   ¨ AK987643
  § 85   § QJ
    ª J985  
    © A8  
    ¨ 2  
    § KT7632

 

 

 

 

 

 

 

Motparten hamna i 3 NT her og. Eg hadde meldt hjerter og Arild hadde dobla for å vise honnør. Han spelte ut ein liten kløver som eg stakk med esset. Speleførar var litt desillusjonert, så når eg skifta til hjerterdame la han på kongen... Dermed kunne vi forsyne oss med 6 kløverstikk og 6 hjerterstikk. 3 NT 1 stikk... (Hjerterdame var eit tåpeleg skift av meg, for hvis det er kongen Arild har og ikkje esset, tek speleførar 10 stikk før vi får sukk for oss!)

Rundenr 4   ª 8  
Spillnr 26(26)   © K953  
Giver: Øst   ¨ 74  
Sone: Alle   § AKQ742  
  ª J76   ª AT532
  © J764   © T8
  ¨ K863   ¨ AQT52
  § J8   § 6
    ª KQ94  
    © AQ2  
    ¨ J9  
    § T953

 

 

 

 

 

 

 

Her hadde motparten funne ut at dei hadde spar og ruter, og vi visste at vi hadde litt hjerter, men Arild ville spele 3 NT trass litt labert ruterhold. Det gjekk så det susa når det kom spar ut til esset og ny spar :-)

Rundenr 4   ª 98543  
Spillnr 27(27)   © AKJ  
Giver: Syd   ¨ J5  
Sone: Ingen   § 652  
  ª KJ6   ª T2
  © 764   © T82
  ¨ AKQ93   ¨ T8
  § Q9   § AKJT43
    ª AQ7  
    © Q953  
    ¨ 7642  
    § 87

Favorittkontrakta i denne kampen var absolutt 3 NT. Her kom eg i skade for å spele ut ein spar som gjekk til dama og kongen. 12 stikk var no klare, men ingen var særleg interesserte i motspelet lenger, så det blei 13. Motspelarane til lagkameratane våre hadde ikkje vore like greie - dei måtte notere ei beit.

Rundenr 4   ª 87  
Spillnr 28(28)   © 9765  
Giver: Vest   ¨ AQT65  
Sone: Nord-Syd   § A2  
  ª J652   ª 43
  © AJ   © 832
  ¨ K87   ¨ J432
  § T943   § Q876
    ª AKQT9  
    © KQT4  
    ¨ 9  
    § KJ5

 

 

 

 

 

 

 

Her kom vi i 6 hjerter på feil hand.. Dvs. med meg som speleførar :-) Problemet i spelet er å løyse hjerteren med ein tapar. Eg spelte ein hjerter til kongen og esset. Poker-Arild sa at vest let hjerteresset ligge i bordet medan ho tenkte over kva ho skulle spele tilbake og det var eit tydeleg teikn på at ho hadde knekten også. Slike ting går meg hus forbi, så eg spelte glad og fornøgd ein hjerter til tieren neste gong. 100 ut. Heldigvis for oss hadde dei prøvd seg i 6 NT på andre bordet, så vi vant 200 på spelet.