Eit uhell
Det einaste gode spelet vi hadde i Norevikane var eit stort uhell!
Eg tok opp denne handa:
10 9 4
K 8
E K D 6 3
E K kn
og opna i 2 NT (20-21). Makker sa 3 hjerter som er overføring til spar, og no såg eg litt nærmare på korta mine. Dei var ikkje heilt som forventa... Slik var handa når eg fekk justert synet ein smule:
-
K 8
E K D 6 3
E K kn 10 9 4
Eg ommøblerte korta og klarte å la vere å sjå på bakspelaren som lurte fælt på kva slags grandopningar vi brukte. Håpet var at makker skulle melde 3 NT neste gong det var hans tur, så eg sa høfleg 3 spar og håpte at han ikkje skulle passe. Det er alltid flaut som speleførar å sake eit kort på første trumfrunden! Makker sa no 4 ruter som er cuebid med spar som trumf. Det var ikkje vanskeleg å forstå at det cuebiddet måtte vere singel eller renons og gode råd var ganske dyre...
| Eg | Per-Christian |
| 2 NT (20-21 balansert (tenk!!)) | 3 hjerter (overføring til spar) |
| 3 spar (sukk...) | 4 ruter (cue med spar som trumf) |
| ??? |
Eg fant ut at eg kunne hoppe til 6 kløver. Makker ville sikkert korrigere til spar, men då ville eg korrigere til grand. Med litt flaks kunne vi stoppe før motparten oppdaga at dei skulle doble oss. Som tenkt så gjort. Makker sat i transe i fem minuttar medan han såg på dette uortodokse hoppet, men kom ut med den mest positivt overraskande meldinga eg har sett på lenge: 7 kløver! Slik var heile spelet:
| E kn 8 6 5 4 3 E 6 2 - D 6 5 |
||
| D 9 7 2 D 10 7 5 kn 9 8 4 8 |
K 10 kn 9 4 3 10 7 5 2 7 3 2 |
|
| - K 8 E K D 6 3 E K kn 10 9 4 |
To andre par kom også i 7 kløver: Ole Jonny og Steinar Grøneng og Hroar Kleiven - Arild Høyvik.