Kreativitet straffar seg
I bridge er det ikkje mykje hjelp i å vere kreativ på ein slik måte at makker ikkje skjønnar noko...
Spelet er frå Topbridge, og eg opna med 1 ruter på dette sølet:
2
7
K D kn 10 5 2
E 10 9 3 2
Nestemann sa pass og makker hylte 3 NT (kva ellers!) som blei sluttkontrakta.
Makker sine kort dukka opp, og utan spar ut er jo dette ei flott kontrakt:
| 6 4 3 E kn 6 E 9 8 K kn 7 4 |
||
| 2 7 K D kn 10 5 2 E 10 9 3 2 |
Eg såg at sparknekt kom ut, og skunda meg å forlate åstedet for eit forferdeleg blodbad (det er det fine med Topbridge - som blindemann kan ein forlate elendigheita). To sekundar seinare så eg at makker hadde fått 12 stikk. Kvifor??? Truleg fordi øst hadde spelt ut knekten frå K D kn 9 5! Korleis skal makkeren hans forstå at han skal legge styrke med esset? Slik var heile spelet:
| 6 4 3 E kn 6 E 9 8 K kn 7 4 |
||
| E 10 8 7 10 8 4 2 4 3 8 6 5 |
K D kn 9 5 K D 9 5 3 7 6 D |
|
| 2 7 K D kn 10 5 2 E 10 9 3 2 |