Sutring

Ein tvers igjennom mislykka og elendig dag (bortsett frå eit Hapå-glas med riskrem) enda miserabelt på Topbridge.

Først blei eg vitne til den verste maltrakteringa av ei kontrakt som eg har sett på lenge:

Vest Nord Øst (eg) Syd
1 spar X 1 NT Pass
2 ruter Pass 2 spar Pass
Pass Pass    

 

 A K 8 6 5
 7
 A J 9 8 4
 10 9
   J 3
 9 6 4 3
 Q 6 5
 A Q 8 3

Slik korta sat var det sjølvsagt feil å korrigere til 2 spar, men eg frykta trumfmatten i ruterkontrakt. Utspelet var hjerter ess og ny hjerter til steling. Makker prøvde spar ess og spelte deretter kløver ti som fekk segle til knekten. (Kvifor??? Kva skal han hive på kløver ess dersom dobbelfisken går?). Ny hjerter måtte han stele og no var det begynt å bli smått med trumf. Makker ga opp kløverprosjektet og spelte kløver til esset for deretter frivillig spele hjerter til steling. I det minste var min frykt for trumfmatten ganske berettiga :-). Stillinga er denne:

 K 8
 -
 A J 9 8 4
 -
   J
 9
 Q 6 5
Q 8

No la makker ned spar konge og ruter ess og spelte ein ny ruter. På dette tidspunktet står motparten sine kort og dei kan ta med seg ei beit, men det hadde tydelegvis surra seg litt i hovuda deira også, så dei tok ut trumfen for kvarandre og måtte gje makker det åttande stikket på ruterknekt. Her er heile spelet:
 

   10 7 2
 A K Q 10
 K 3
 K 6 5 2
 
 A K 8 6 5
 7
 A J 9 8 4
 10 9
   J 3
 9 6 4 3
 Q 6 5
 A Q 8 3
   Q 9 4
 J 8 5 2
 10 7 2
 J 7 4

Eit par fredelege spel (2 hj x med 8 stikk ut og 2 sp xx med 10 stikk inn...), så kom dette:

Vest Nord (du) Øst Syd (eg)
      1 kløver
Pass 1 spar X 4 spar
Pass Pass 5 ruter 5 spar
Pass ???    

E K D 5 4
K 3
5 4 2
D 3 2

Kva melder du? Min makker passa med denne panserhanda! Dei fleste ville vel prøvd blackwood over 4 spar, men ikkje denne karen nei. Mine kort:

9 8 7 6
E D 2
-
E K 10 9 8

Det var ikkje spesielt vanskeleg å få tak i 13 stikk...

Så kom denne:

Vest Nord (du) Øst Syd (eg)
  1 kløver 1 hjerter Pass
2 hjerter Pass Pass 2 spar
Pass ????    

Kva melder du no? Her er korta dine:

E 10 6 4
E K 4 3
D
E D 4 3

PASS!!!! Kva anna? Makker hadde ikkje til å doble negativt ein gong første gong, så kvifor skal du melde no? Min makker sa 4 spar som øst lykkeleg dobla og tok to beit. Her er mine kort:

9 8 6 3
2
E 10 5 4 2
10 9 8

Eg skulle sjølvsagt heldt kjeft, og straffa eg fekk (av makker), var kanskje som fortjent...

Kor mange spel eg spelte for å oppleve dette? 16!

God natt!