Sjuar frå Angedalen
I Angedalen hadde eg fått utdelt fylgjande:
-
E K kn 8 3
K kn 8 3
E D 10 4
| Eg | Lars |
| 1 hjerter | 1 spar |
| 2 ruter (VELDIG forsiktig) | 6 ruter!!! |
| ??? |
Eg har trass alt berre lovd minst 11 poeng så langt, så med 18 (og ein renons) syns eg det var på sin plass å løfte til 7. Slik var heile spelet:
| E kn 10 9 8 7 6 - E 9 7 2 K 2 |
||
| K 5 4 3 2 D 10 2 6 5 9 8 7 |
D 9 7 6 5 4 D 10 4 kn 6 5 3 |
|
| - E K kn 8 3 K kn 8 3 E D 10 4 |
Det kom trumf ut, så eg slapp til å med å finne trumfdama (men heldigvis er det berre ein veg å kutte!). Eg bestemte meg for å spele på å trumfe to hjerter i bordet og kaste ein kløver på spar ess. Då vinn eg kontrakta med trumfen 3-2 og når hjerterdama ikkje sit meir enn fjerde i mot.
Legg merke til at pga den psyko sparsitsen står 6 spar også. Mange spelte 4 spar med 12 stikk nord-syd, men nesttoppen gjekk til Arild og Jens. Arild opna i 1 kløver (sterkt) og vest vasa seg innpå med 1 spar. Eg antar at Jens må ha blitt så glad at han nesten begynte å skyte opp rakettar... Meir enn eitt stikk var det ikkje råd å tuske til seg, med 1400 som resultat.
Og... på veg heim diskuterte vi spelet og kunne konstatere at det truleg har vore ein feildublett, slik at ruter dama ikkje sat i kutt på alle bord.