Ein kommentar på rett tid

Vi møtte to ganske frittalande herrer på eit av dei siste borda på klubbmeisterskapen og eg lurte på om den som blei blindemann kunne gå og kjøpe forfriskningar. Lisbeth meinte at det ikkje var naudsynt hvis ikkje J. skulle dra mykje i korta. J. svarte at han aldri hadde dratt i noko som helst. Alle tenkte sjølvsagt koffert, og vi følgde opp med ein liten diskusjon om sexlivet hans. I det samtalen er i ferd med å bli spora over på bridge igjen er Rolf på veg ut døra og seier med høg stemme: - Eg sat med han i handa....