Overkøyrt

Vikane bridgeklubb er ein hyggeleg klubb med ca 5 bord på spelekveldane. Mange av spelarane er unge, og dei er til og med så siviliserte at dei har matpause midtvegs!

Vi hadde gjort det ganske bra sist torsdag, men på nest siste bordet begynte moroa. Eg hadde fått utdelt fylgjande:

9 3
E 10 9 7 6 3
D 10 9 6 3
-

... og etter to passar til meg fant eg det for godt å opne i multi. Den eldre herren i syd spurte makker nøye ut om kva dette var og tenkte seg godt om før han dobla. Resten av meldingsforløpet gjekk i hurtigtempo:

Vest (Lisbeth) Nord Øst (Jonill) Syd
Pass Pass 2 ruter (multi) X (etter lang fundering)
2 hjerter (spel) Pass Pass 4 spar (lyntempo)
X Pass Pass 5 kløver (fortsatt lyntempo)
Pass Pass Pass  

Uttaket må ha gjort nord veldig glad inni seg, men han ga ikkje uttrykk for det... Slik såg heile spelet ut:

  7 2
K 9 7
4 2
10 9 8 7 6 5
 
K kn 10 6 5
D 5 4
kn 8
kn 4 2
  9 3
E 10 8 6 3 2
D 10 7 6 3
-
  E D 8 4
kn
E K 9 5
E K D 3
 

Snakk om å ikkje vere skuggeredd!!! 5 kløver med 11 ga akkurat middels, men det føltes som ein gedigen bånn... Vi turte ikkje spørre, men spørsmålet er om han tek ut i 5 ruter hvis vi doblar 5 kløver...

Så kjem eit utspelsproblem. Meldingsforløpet går slik:

Vest (Lisbeth) Nord (du) Øst (Jonill) Syd
    1 hjerter 2 kløver
2 spar Pass 3 spar Pass
4 NT Pass 5 ruter Pass
6 spar Pass Pass Pass

kn
10 6
K kn 10 8 7 6 5 4
10 3

(Nix, du får ikkje lov til å melde åttekortsfargen din). Spel ut noko, takk....

?

?

Mot oss valgte han singel trumf knekt. Snakk om treffe gull!

  kn
10 6
K kn 10 8 7 6 5 4
10 3
 
E K D 8 7 2
D 5 4
E D 3
6
  9 6 5
E K kn 9 8
2
D kn 9 8
  10 4 3
7 3 2
9
E K 7 5 4 2
 

Lisbeth blei sjølvsagt veldig glad for at ho ikkje fekk kløver ut. No er det berre og trumfe ein ruter og ta tretten stikk, ikkje sant? Topp i staden for dei 12 stikka som alle andre får... Vi blei alle ganske forundra når syd stal over og tok beita med kløver ess :-)