Nedtur

Makker kan gjere mykje onde ting mot oss, men eg trur denne varianten frå nabofylket i nord tok kaka.

Tenk deg at du for første gong i ditt liv plukkar opp ei hand med 29 honnørpoeng og så presterer makker å opne utanfor tur! No er det opp til deg å fastsetje kontrakta, for makker får ikkje lov å melde meir. Vår helt vart så forfjamsa at han bestemte seg for å spele 5 NT... Det får ein seie var å leggje seg på den gylne middelveg...