Toppen av flaks....?? 

 

Ein kveld snakka Arnt Ola til meg på Messenger og spurte om eg ville høyre om hans største tabbe som han nettopp hadde begått på Topbridge.

 

Jonill:
- Sjølvsagt!!!

 

Antix:

- Eg claima 12 stikk og ein ned i 7 spar fordi sparen satt 4-1.......problemet var at eg spelte 7 nt med 13 takstikk.....

 

Jonill

- He, he, he

 

Antix:

- Eg var ukonsentrert fordi eg spelte på to stadar samstundes...Både på Topbridge og BBO

 

Jonill:

- Kvifor spele to plassar samstundes?

 

Antix:

- Eg var spelesugen - var blindemann i 10 av 13 spel på BBO, trur eg.

 

Dette redda kvelden min, og eg venta i spenning og lengsel på at eg skulle finne ut kven som hadde vore makkeren hans. (Ein får ikkje vite det før neste morgon). Enkelte eg kjenner hadde nok blitt svært opprørte av å vere makkeren til ein slik surrekopp, og dette hadde eg sjølvsagt eit visst håp om å kunne fyre oppunder.

 

MEN NEIDA!!! Når eg full av spenning logga meg på for å sjå på elendigheita synte det seg at spelet berre var spelt ein gong og at scoren dermed blei 50-50. Det spelte faktisk ingen som helst rolle kor mange stikk han hadde fått i 7 NT. Uansett ville han fått 50% på spelet.

Snakk om å ha gullhår ein viss plass!