Logg over oppdateringar

 

12.08.06 I morgon startar EM i Warzawa med to norske lag (open og damer). BBO sender direkte.
11.08.06 Krinsen gir stønad til reise på rekrutteringsseminar i Ulsteinvik 25. august.
10.08.06 Lokale resultat i bridgefestivalen.
09.08.06 Synnøve Balevik gjorde reklame for bridgefestivalen på NRK.
08.08.06 Innbyding til bridgeweekend og rekrutteringsseminar i Ulstein 25.-27. august. Kanskje møter du ein forvirra romsdaling...
07.08.06 Skryt frå Nordfjord til Bergen.
07.08.06 Paul Henning Loen og Frode Holen blei nr. 2 i NM monrad lag saman med Lasse Holen (bror, ja) og Bjørn Buer. Gratulerer! Før siste runde var dei nr. 7, men 23 i siste kampen var nok til å kapre andreplassen med god margin.
27.07.06 No reiser eg til Lillehammer og blir vekk til neste mandag. Du kan følge med dei lokale heltane her eller live på BBO (NM mix, monrad par, NM par og monrad lag).
27.07.06 Førdeturneringa blir laurdag 9. september.
26.07.06 No kan du begynne å planlegge hausten. Her er terminlista for sesongen 2006-2007.
21.07.06 13 par frå ni ulike klubbar i Måløy på tysdag. Rekord?

14.07.06

40 sogningar og fjordingar er påmelde til NM veka på Lillehammer så langt. Her er dei. Berre tre personar har meldt seg på til tre turneringar. Kven blir førstemann som prøver seg på fire???

11.07.06

Krinsen fyller 60 år i år og det blir feira med jubileumsturnering 21. og 22. oktober.

09.07.06

Svenske jenter på 17 og 24 år vant junior VM! Dei norske para blei nr. 7 og 8.

28.06.06

Til alle juniorar.

28.06.06

Er du like uinteressert i fotball som meg? Her kan du følge med på mixen i SIB.

28.06.06

Til alle juniorar.

26.06.06

Terje Lie og Kåre Kristiansen vant A-pulja i SIB.

22.06.06

Helgemo-Helness er verdensmeistrar i bridge!

20.06.06

Geir Hjelmeland og Ivar Lunde vant i Norevikane. No med fullstendig resultatliste.

19.06.06

I 1975 vant Arne Lothe og Kjell Sande frå Syver’n vestlandsmeisterskapen. Sjå kva BT skreiv.

19.06.06

Sognefjellsmeisterskapen 2006.

16.06.06

Landslaget er tatt ut.

15.06.06

Klassisk svindel.

15.06.06

Nokon av utvala er på plass.

14.06.06

Kjeder meg! Er det ikkje nokon som har noko morsomt å fortelje???

12.06.06

Her er endeleg resultata frå Storefjell.

12.06.06

Frå hausten av blir det nokre endringar i NM lag.

08.06.06

I helga er det forbundsting. Her er dokumenta.

08.06.06

VM begynner i morgon. Du kan følge med på nettet.

06.06.06

Jubileumsturneringa i Florø er avlyst pga for lite påmelding.

06.06.06

Fullt oppstyr om landslaget. Les om det her og her.

02.06.06

Skal til Storefjell – tilbake på tysdag.

31.05.06

Eg har oppdatert nokre historieresultat igjen. Her er oppgåva til deg.

30.05.06

Golf og bridge – noko for deg?

29.05.06

Innbyding til Norevikturneringa laurdag 17. juni.

29.05.06

Innbyding til Sørlandets internasjonale bridgeuke 24.-29. juni.

27.05.06

Arnar Kvernevik og Leif Heggheim vant i Hennebygda. Legg merke til 4. plassen!

26.05.06

Ein og annan fjording har teke turen til Tromsø og Polarbridgen.

26.05.06

Sjå her. Stemmer det for klubben din? Send meg ein e-post hvis ikkje.

24.05.06

Innbyding til bridgeweekend i Ulstein 25.-27. august. På fredagen er det rekrutteringsseminar og lynbridge.

23.05.06

Fordelingskast kan av og til vere noko drit!

 

20.05.06

Tom Kenneth Kristiansen fortel om to plassar til der ein kan spele gratis på nettet.

 

20.05.06

Kontaktinformasjon på styret er oppdatert.

 

18.05.06

No er det ei veke til NM lag starter.

 

13.05.06

På grunn av ei omlegging hos NBF (eller einkvan) har ganske mange resultat blitt borte. Dataekspertane (les: Odd Egil) finn dei kanskje att. Finn du noko som manglar? Send meg ein e-post slik at vi veit kva vi skal leite etter...

 

12.05.06

Oversikt over sommerbridgen i landet. Sei frå til NBF om klubben din mangler.

 

12.05.06

Gunnar Kjørvik har gjort meg merksam på at resultata frå KM singel mangler i årsmeldinga.

 

10.05.06

Skal du arrangere turnering i sesongen 2006/2007? Fristen for søknad om forbundspoeng er 20. mai. Her er søknadsskjemaet som du fyller ut og sender til Sjur.

 

09.05.06

Her er årsmeldinga for 2004 og 2005 slik den vart godkjent av tinget.

 

09.05.06

NM junior er flytta frå NM veka til Trondheim 23.-24. september.

 

09.05.06

Her er endeleg løysinga på motspelsprøva.

 

08.05.06

Onsdag kan du spele bridge i Hornindal.

 

08.05.06

Sogn og Fjordane fekk ein plass på deltaking og har totalt fått tre plassar i NM par i år.

 

08.05.06

Referat frå krinstinget 2006.

 

07.05.06

Her er det nye styret i Sogn og Fjordane bridgekrins.

 

07.05.06

Synnøve Balevik og Arnstein Menes vant tingspelinga.

 

04.05.06

Innbyding til 60-års feiring i Florø BK.

 

03.05.06

Innbyding til blømingsbridge i Hennebygda 27. mai.

 

02.05.06

Set av helga 9.- 11 juni for då skal Florø bk feire sine første 50 år. Innbyding kjem straks...

01.05.06

Stig Rune Kjos og Jonny Gjerde blei nr. 5 i 1. mai turneringa på Skodje.

30.04.06

Sakspapira til krinstinget 2006.

29.04.06

No kan du melde deg på til NM.

28.04.06

Fosnavåg (Jørund Årdal, Haldor Sunde, Arthur Westbø og Oddbjørn Vinjevoll) tapte 38 - 106 for Bodø BK i 6. runde i NM lag etter å ha lege under 19 - 71 ved halvtid.

27.04.06

Manglar du lesestoff? Her kan du laste ned dei ti siste utgåvene av Dansk bridge.

25.04.06

Dette spelet frå bedriftsmeisterskapen var ganske sørgeleg.

 

24.04.06

28 par i Briksdalen på fredag. Are Morten Sunde og Tor Arne Egge frå Stryn vant.

24.04.06

Sogningane markerte seg mest på bedriftsmesterskapen på Fagernes.

24.04.06

Førde tapte for Narvik i 6. runde i NM lag.

19.04.06

Innbyding og påmelding til 1. mai turnering på Skodje.

15.04.06

Bilete av nokon av premievinnarane i KM mix.

13.04.06

Arnstein Menes og Anders I. Balevik vant i Hafslo (takk til Odd Egil som fant resultata!).

13.04.06

Leif Heggheim og Arnar Kvernevik vant i Angedalen.

07.04.06

Innbyding til krinsting 7. mai. Etter tinget blir det som vanleg ei lita turnering.

06.04.06

Spennande NM lag finale i Kristiansand 25.-28. mai.

05.04.06

Ein motspelsprøve som du må løyse før påsketurneringane startar :-)

02.04.06

Toril Anita Espe og Helge Sæterdal vant KM mix.

30.03.06

Bridge i palmehelga? Kva med Olrud?

29.03.06

Stryn og Luster har kåra kommunale meistrar. Her er nokre bilete frå Stryn.

28.03.06

Fosnavåg fekk forsterkningar frå Nordfjord for å slå ut Bergen AK 1 i 5. runde i NM. Her er referat.

27.03.06

Ny tur til Nord-Norge for Førde i 6. runde. Det gjekk fint i fjor, så vi kryssar fingrane for reprise!

26.03.06

Førde, Hoff (Arild og Geir Hoff, Jens Sagevik og Geir Hjelmeland) slo BAk, Halvorsen 101-97 i 5. runde i NM lag.

24.03.06

Norge i semifinalen i stor juniorturnering i Nederland.

23.03.06

Endeleg nokon som bloggar om noko fornuftig!

22.03.06

Masse tenåringar på turnering i Ålesund. Kva kan vi gjere for å få til det same her? Balestrand har nokon svært unge juniorar, og her er litt informasjon om kva dei har gjort og vil gjere.

22.03.06

Kjedeleg søndag? Du kan sjå 5. runde kampen mellom Kristiansand og Gjøvik Vartdal på BBO.

20.03.06

4. og 10. plass til Sogn og Fjordane i 1. divisjon for damer.

20.03.06

Det har vore bridgekurs både på Eid og i Hornindal i vinter.

16.03.06

Berre to NM plassar til fylket så langt. Eg reknar med vi får den tredje på deltaking.

15.03.06

21. mars blir det starta nybegynnarkurs på BBO.

15.03.06

Her kan du melde deg på til påskebridge i Angedalen 11. april og i Hafslo 12. april.

14.03.06

Til helga er det 1. divisjon for damer med fem sogningar og ein sunnfjording i aksjon.

14.03.06

Spelestensilar frå KM par.

12.03.06

Arild Hoff og Jens Sagevik vant KM par.

10.03.06

Ein kar med fleire talent: I morgon skal Atle Rygg Årdal spele KM i bridge og seinare i år skal han vere med på OL i matematikk.

08.03.06

Oppsettet for divisjonsspelinga 2006/2007 er klart. Eitt andredivisjonslag og eitt tredjedivisjons-lag må på tur. Dei andre må spele her i fylket. 4. divisjonspuljene blir sett opp etter påmelding.

08.03.06

Innbyding til KM mix 2. april. Her kan du melde deg på.

08.03.06

Siste nytt om KM par til helga med tidsskjema og startliste.

07.03.06

Tidsskjema for KM par. Her er oppdatert oversikt over dei som skal spele.

01.03.06

Innbyding til bedriftsmeisterskapen 21.-23. april. Her kan du melde deg på.

28.02.06

Har klubben din fem medlemmer under 26 år?

27.02.06

Skal du bestille rom på Førde hotell til KM par finalen blir 11. og 12. mars? Les dette.

27.02.06

Meisterpoenga for 3. og 4. divisjon og fylkesmeisterskapen er registrert.

22.02.06

Synnøve Balevik og Kåre Knutsen tok en klar siger i den 44 par store Kieler-cup. Gratulerer!

21.02.06

Geir Hjelmeland og Geir Hoff vant Høyangerturneringa.

21.02.06

Berre eitt lag frå fylket igjen i NM lag etter at både Kyrkjebø og Førde, Sæterdal tapte for sterke Bergenslag. Førde, Hoff slo Førde, Gjertsen og skal møte Bergen AK 3, Halvorsen i 5. runde.

15.02.06

KM par finalen blir 11. og 12. mars i Førde.

15.02.06

Eg blir vekk til tysdag.

15.02.06

Ta ein pause frå OL-sjåinga på laurdag og meld deg på til Høyangerturneringa 18. februar.

14.02.06

Korleis er det å vere 11 år og spele i klubben for første gong? Gratulerer til Balestrand BK som har gjort ein imponerande jobb med rekrutteringa!

12.02.06

Siste helga i 1. divisjon frå Kristiansand BK sitt synspunkt.

10.02.06

Etter mykje styr: Her er runderesultat, sluttresultat og butler (for 2. helga) for 4. divisjon i Førde. Her er korta, men les dette først er du snill.

10.02.06

Butler for 2. helga i 4. divisjon på Leikanger. Her er butleren for 1. helga.

07.02.06

Her er resultatlista frå 4. divisjon.

07.02.06

Innbyding til juniorleir på Gjøvik 17.-19. mars.

06.02.06

Her er nokre bilete frå divisjonen i Førde. Eg håpar verkeleg resultata frå 4. div. kjem i morgon...

05.02.06

Lag Sæterdal (Helge Sæterdal, Jarle T. Årdal, Ludvig Langedal og Leif Kvamsdal) vant 3. divisjon i Førde. Her er alle resultat og butler frå 3. divisjon. Bilete frå Førde kjem i morgon.

05.02.06

Lag Balevik (Synnøve Balevik, Anders Balevik, Kåre Knutsen og Arnstein Menes) vann 4. divisjon i Sogn og Førde/Syver'n (Øystein Vasset, Rolf Myhren, Leif Arild Lothe og Arve Stig Damstuen) vant i Førde. Her er bilete av dei glade vinnarane på Leikanger.

02.02.06

4. og 5. mars er det samling på Gardermoen for tillitsvalde i klubbar og krinsar.

01.02.06

To månadar til, så er det vår!!!!!!!!!!!! Her er bilete frå sona i Vadheim.

31.01.06

Skal du spele divisjon i helga og kjem tidleg til Førde på fredag? Det er speling på Sande kl 1900.

31.01.06