Litt på sida av divisjonen...

Geir Hoff ville diskutere eit spel som han hadde spelt i 3. divisjon. Vi diskuterte ganske lenge korleis ein skulle melde for å komme i rette slemmen, og i følge han hadde dei brukt heile laurdagskvelden i Ålesund på same spelet. Men som han sa: - Det spelte eigentleg inga rolle, for det var den halvrunda vi spelte mot broder'n!
(Dei sat same vegen).

Røykepause før spelinga startar søndag morgon i Førde:
B: - Du er forferdeleg bustete på håret. Burde du ikkje gå og gre deg litt?
O: - Eg har så jævla høg sjølvtillit at eg drit i korleis eg ser ut!