Kva er dette?
Kva avtale har du på denne situasjonen?
Du opnar i 1 NT (motparten melder berre pass) og meldingsforløpet fortset slik:
| Du | Makker |
| 1 NT | 2 kl (stayman) |
| 2 ru (har ikkje) | 2 sp |
| ?? |
Kva meiner makker med 2 spar? Kva har han? Er det krav? Det verkar som det er masse forskjellige oppfatningar av dette, så eg lurer på kva de meiner...
Det ser ut til at fleirtalet ville oppfatta dette som ei svak hand med fire hjerter og fem spar. Her er svara - takk til alle som har svart:
| Oddmund | Slik eg ser det har
makker fint lite poeng og begge major, minst 5 spar og 4 hj. Eg reknar med
at vi spelar med overføringar, og dermed oppfattar ikkje eg dette som krav.
Vil makker meir enn i delkontrakt, overfører han/ho til spar og krev med 3
hjerter etterpå. Dersom systemet seier at 2 kl er krav til utgang med ein
eller begge major og handa inneheld 5-4 fordeling i major, kan makker
spørre vidare med 3 kløver etter evt 3-kortfarge i spar ( for evt. å få
kontrakta på sterkaste handa ). Så konklusjonen min er at dette er for spel. |
| Leif | For meg er dette for
spel med lenger spar enn hjerter. Meir avansert treng det ikkje å vera. Med
same korta (lengre spar) og krav så overfører eg i første omgang. Ein gong i
tida spelet eg rett nok ein variant der dette var nytt spørsmål, men då bør
ein verkeleg spele mykje. |
| Dagfinn |
Eg kan ikkje forstå anna enn at dette
IKKJE kan vere krav. Makker må ha 5-4 i major og ei begrensa hand med maks
5 HP.
|
| Arnt Ola |
Eg ville sagt 5k spar (minst) og 4k
hjerter (minst) og ikkje krav. Eg hadde overført til spar og deretter
meldt hjerter for å krevje.
|
| Haldor |
Trur det er størst frekvens på å bruke
det som invitt til utgang med 5 spar og 4 hjerter.
Alternativt må du med denne beholdninga innlede med å overføre til 2 spar,
for så å melde 3 hjerter. Då er du allereide komen vel høgt om makker
ikkje tek mot nokon invitt. Ved å avtale at den første sekvensen er
invitt til utgang, brukar du den siste som rundekrav.
|
| Sveinung |
Her er mitt forslag etter
1nt-2kl-2ru-2sp. Det er ikkje krav og det viser 4 korts spar med en lengre
minor. 2 sp er altså et forslag til kontrakt på 4-3 tilpass. 1 nt åpner
kan altså velge å passe viss det ser fornuftig ut, eller spille
minorkontrakt. 2 nt over 2 spar blir forslag til spill, mens 3 kl over 2
sp ber makker passe med 5 kl eller ta ut i 3 ru med ruter som minorfarge.
Man må selvsagt avtale om en slik meldesekvens kun er for å finne beste
kontrakt eller om 1nt åpner kan melde utgang med stålmaks og tilpass.
Man kan også "bake" inn noen varianter
til i en sånn sekvens, men det er jo måte på kor mykje system man har lyst
å gå rundt med i hodet.
|