Kappane som går og ikkje går
Frå Angedalen:
Eg var ferdig å spele og trudde eg hadde i allefall eit normalspel: 4 spar med 10 stikk (28 poeng til saman og to flate hender). Eg gjekk bort til nabobordet for å sjå kva Geirane hadde funne på. Vantru bøygde eg med ned og glodde på slippen der det sto 6 spar 10 stikk. Geir Hjelmeland såg uskyldig opp og sa: - Kappen gjekk ikkje...
Etter neste bord ropte Geir på meg og kniste henrykt: - No gjekk kappen! Det synte seg at dei hadde meldt nok ein seksar av same type, men denne gongen gjekk det bra. Dei klarte også å melde slemmen på sidespelet, så motparten har min fulle sympati.