Nokre av Jeff Goldsmith sine bridge-regler

Les resten av dei på heimesida hans..http://www.gg.caltech.edu/~jeff/bridge/rules.html

  1. 4-3-3-3 hender er noko dritt. Dersom du har 4-3-3-3, ikkje balanser. Du kjem til å gå beit, og dei kan melde over deg og få heim kontrakta eller doble deg hvis dei heller vil det.
  2. 5-4-2-2 passar best til å spele fargekontrakt. Hvis du har ein 5-3 tilpass og makker foreslår grand skal du normalt foretrekke fargekontrakta.
  3. 5-4-4-0 hender spelar ikkje spesielt godt på 4-4 tilpass. Ver forsiktig hvis du ikkje har ein 5-4 tilpass. Det same gjeld for 4-4-4-1 hender.
  4. 5-3-3-2 er grandfordeling. Den er også farleg å balansere med.
  5. Vær veldig agressiv med  6-4-2-1 fordeling.
  6. Ver snill med makker, prøv å halde han på di side. Det er lett å overtale han til å slå seg saman med fienden.
  7. Hvis lagkameratane dine ikkje vil snakke om det, så ikkje mas. Hvis dei maser og du ikkje vil snakke meir om det: Lyg! Prøv å få forklaringa til å høyres heilt usannsynleg ut.
  8. Hvis du aldri har blitt passa ut i blackwood kan du ikkje vinne ei singelturnering.
  9. Prøv så godt du kan å hindre at motparten får spele 1 NT utanfor sona i parturneringa.
  10. Spør aldri makker kvifor han la revoke.
  11. Hvis makker gjer store feil på to hender etterkvarandre, tilby han ein cola. Det vil bryte opp den dårlege rytma og kanskje få dykk tilbake på sporet. Hvis du gjer store feil på to hender etterkvarande, tilby makker ein cola. Samme grunn.
  12. Spel ikkje ut dobbeltoner sakte.
  13. Ein dobbel skvis er heilt klart meir moro enn ei finesse.
  14. Spel saktare, spesielt til stikk 1.
  15. Utspel frå esset smått kostar nesten alltid minst eit stikk.
  16. Ikkje ver for grisk
  17. Hartman si lov : 4D dobla står alltid. Jeff sin konklusjon:  Alle doblingar av  4D er opplysande.
  18. Grant Baze seier "six-five, come alive." Det lønner seg ofte å melde med 6-5 hender sjølv om du trur det er heilt på trynet.
  19. Ikkje stel makker sitt stikk og sett deg til å tenke. Bestem deg for kva du vil gjere først.

Jeff Goldsmith, jeff@tintin.jpl.nasa.gov, Feb. 2, 1998