Interrail
...eller korleis du ikkje skal fortelje kona at du skal på bridgeturnering...
Bridgespelaren hadde "gløymt" å fortelje kona at han skulle på bridgeturnering, men syns sjølv han var både kreativ og morsom når han reiste av gårde tidleg på morgonen og etterlot ein lapp på kjøkkenbordet der det sto at han "var reist på interrail"!
Kona var IKKJE imponert, og ringte når han berre var eit par mil frå heimen. Det var ikkje akkurat godord han fekk høyre, men som ein god bridgespelar tok han det viktigaste først og gjorde unna turneringa før han fortsette å tenkje på problema som venta han heime. Bekymringane blei ikkje mindre av at eldste sonen også ringte for å skjenne på han, så karen var alt anna enn høg i hatten og gode råd var ganske dyre.
Han ba oss andre i bilen om råd, men vi hadde dessverre liten erfaring med blidgjering av sinna ektefeller, så det var ikkje mykje å hente frå oss. Løysinga blei den største blomsterbuketten Esso kunne selge han, og det siste vi såg var ein duknakka og angrande syndar som drog avgårde med blomsterbuketten sin. Det blei ein kort interrailtur!