Hundar

Frå klubbmeisterskapen:

Fire damer sit på bordet nærmast døra og er sjølvsagt veldig opptatt av at den må latast att fordi det er "så kaldt her". Alle som går gjennom blir kommandert til å late att. Det blir fredeleg ei stund, men så kjem endå ein mann og vil gå gjennom døra. - No skal vi sjå om han har hund, seier ei av damene... Mannen snur seg i det han er i ferd med å late att døra og svarar: - Nei, berre ein hot dog. Damene ser litt opp i lufta og rundt omkring medan dei later som dei ikkje tenker koffert. Plutseleg mumlar den eine dama: - Ja, det får vi no håpe...