God nok grunn?
Fortalt av Arnt ola Fidjestøl:
Når ein spelar turneringar på BBO kan det sjølvsagt skje at ein må trekke seg midt i turneringa. Då er det viktig å oppgje ein god grunn, for ellers blir det utestengelse og mykje styr.
Ein kar i Scandinavian/Benelux-klubben spurte tevlingsleiar (så alle høyrde) om lov til å gå fordi kona ville ha sex a.s.a.p.
Det kom sjølvsagt masse kommentarar frå dei andre. F.eks: Eg vil òg ha sex a.s.a.p.
Svaret kom straks: Du får spørre kona til vår venn, slik at han kan få spele bridge.