Fairplaypris?
Av Arnt Ola Fidjestøl

  10 3
10 7 5
K
K D kn 9 7 3 2
 
K 8 5
K 4 3
E D 9 8 5 2
10
  E D 7 6
E D kn 9 6
kn 4
E 8
  kn 9 4 2
8 2
10 7 6 3
6 5 4
 

Spelet er frå ein lagkamp på BBO. Geir Hjelmeland sat i nord og Antix i syd. Terje Lie var vest og Asbjørn Kindsbekken i øst. Terje og Asbjørn meldte seg opp i 7 hjerter med Asbjørn som speleførar.  Ei heilt ok kontrakt som går beit fordi ruterfinessa ikkje går, ikkje sant?

Kinds stakk kløverutspelet og spelte ruter til ESSET. Deretter spelte han berre to gonger trumf, og ein overraska nord kunne ta beita med ein avgløymt småtrumf. 

Asbjørn si  forklaring? Jo, han hadde feilklikka på ruteren. I staden for liten så la han essen, som altså felte kongen. Han synst det var for gale å få heim ein kontrakt på ein slik måte, difor spelte han seg beit :-)) Nobelt gjort.