Etter grandopning
Makkeren din opnar i 1 NT (15-17, kan ha femkorts major eller sekskorts minor) og du har fylgjande kort:
2
kn 3 2
E K 8 6 5
K 5 4 3
Kva melder du?
Kva med å kunne melde 3 spar som syner nøyaktig singel spar og tre korts hjerter og er krav til utgang? Du vil normalt også vise 5-4 (eller 6-3) i minor. Med skeivare hand ville du kanskje meldt overføring til minorfargen først?
Makker kan no sjå om han trur sparholdet er godt nok for 3 NT. Kanskje har han femkorts hjerter, eller kanskje han finn ut at 4 hjerter på 4-3 tilpass er best? Eller kanskje utgang i minor? Uansett har du fortalt historia di og kan passe med godt samvit.
Går du glipp av noko? Eg har hatt 3 hjerter/spar på systemkortet som både svakt og sterkt i åresvis, men kan ikkje hugse at eg har brukt det ein einaste gong. Det skal ikkje mykje til at denne meldinga er meir frekvent.
1 NT - 3 hjerter/3 spar syner singel i den meldte fargen, og nøyaktig tre kort i motsatt major.