Ekstrem pessimisme?
Du har fått utdelt dette:
-
10 9 3
E D
E K D kn 10 9 5 3
Og er med på fylgjande meldingsforløp (motparten
er stille):
|
Nord |
Syd (du) |
|
1 spar |
2 kløver |
|
2 ruter |
2 hjerter * |
|
4 spar |
??? |
Du har ni stikk sjølv, så slem burde vere innan rekkevidde?
I Åsane stoppa tre par under slem (3 NT og 4 spar). Fem par var i 6 kløver,
eitt i 6 spar og tre i 6 NT. Berre fire par fann toppkontrakta 7 NT. (Og den er
mykje lettare å spele enn trumfkontrakter, fordi det er 13 toppstikk J).
Hvis du etter 4 spar frå makker prøver blackwood,
og får greie på at han har tre av fem ess, kan du spørre etter spardama, og
deretter ta ei lita oppteljing: Tre sparstikk, to raude essar og åtte
kløverstikk skulle bli akkurat 13.
Her er spelet:

Vi kunne faktisk ha
beita 4 spar, men eg blei eit øyeblikk smitta av motparten si pessimisme, så
den fauk heim med 10 stikk og akkurat like mange poeng som vi hadde fått for 9
stikk…
Geir spelte ut hjerter konge og speleførar blei
også redd for eitkvart, så han stakk med esset og spelte ruter til esset. Han
begynte på kløveren og fekk kvitta seg med to hjerter og ein ruter før Geir
trumfa. No tok han for ruter konge og ruter knekt og fortsette med endå ein
ruter. Eg skal sjølvsagt legge i spar knekten og sørge for at tieren tredje hos
Geir veks opp til stikk, men som sagt: Mørket senka seg over hjernen og eg var
sikker på at makker sat igjen med dama singel i trumf (hvis han har det, spelar
han neppe ruter til trippelrenons…) og kasta eit kort i staden.