Redobling og vidare melding

Oppgåva til ekspertpanelet var som fylgjer:

........................................................

Korleis melder de denne handa?

7 5 4
A D 8 2
K D 9 6
K 3

Vest Nord Øst (du) Syd
1 kløver X XX 1 spar
Pass 2 spar ???  
       


Eg reknar med at de er samde med den første redoblinga? Dersom du passar no, passar syd og makker melder 3 kløver.

........................................................

Berre tre av ekspertane har våga seg på denne. Her er svara frå dei:

Haldor:

Eg er samd med å melde pass i andre melderunde også. Alternativet ville ha vore å melde 3 spar, som berre hadde ført rett inn i skoddeheimen. Redoblinga i første melderunde er krav til minst 2 NT eller straffedobling, så det er ikkje noko tvil om at pass no er krav. Ved å melde pass på 2 spar ordnar ein seg slik at ein får melde på eit meir behageleg meldetrinn.

Det store spørsmålet er så korleis melde vidare no. Dersom makker hadde hatt ubalansert minimum med 6-kort kløver, burde han vel ha meldt 2 kløver i andre melderunde. Med sparhold og ei nokolunde balansert hand skulle han ha meldt 2 NT no. Ser ut som han kan ha noko slikt som
sp D x
hj K J x
ru J x x
kl E D x x x

Det er vel ikkje umulig at makker har 4-kort hjerter heller. Ta vekk spardama, og la den bli til ein annan honnør, så blir korta endå betre.

Ut frå det at eg ser at 4 hj fort kan vere spelbart på 4-3-tilpasning, velger eg å melde 3 hjerter over 3 kløver. Ny farge på 3-trinnet er sjølvsagt krav.

Per-Christian:

Eg passar no og melder 3hj på makkers 3kl. Slik vi speler kan ikkje dette vise meir enn 4 korts hj, for vi speler 1hj som krav etter doblinga, og ville då meldt det med 5 eller fleire..

Terje:

Eg passar først og på makkers 3 kløver melder eg 3 ruter som er cue med  kløver. Ser mange hender kor 6 kløver kan stå. Makker har sannsyligvis singel spar. Eg trur ikkje vi mister ein fire - fire tilpass i hjerter, for med 6 kløver og 4 hjerter burde makker meldt 2 hjerter over 1 spar.