Ein god blindemann
Når vi snakkar om ein god blindemann tenkjer vi helst på korta som kjem ned i bordet, men i dette tilfellet betydde det noko anna.
Motparten var komen i yndlingskontrakta 3 NT etter at speleførar ikkje har vist noko, og blindemann har synt 5-4 i major og opning. Slik var korta i bordet:
D kn 10 9 8
K kn 8 7 6
E 2
6
Utspelet var ein ruter til dama hos ein motspelar og ny ruter slik at bordet kom inn. Speleførar spelte no kløver og tok seks kløverstikk. Blindemann kasta på eige initiativ fire spar, men på den siste blei han usikker - slo ut med hendene og sa: - Eg veit ikkje, eg...?? No tok speleførar over styringa og kasta ein hjerter. Det blei sjølvsagt feil og eit imp forsvann som dogg for sola..