Ei rekneoppgåve
For å bli god i matte må ein ha evna til å tenke logisk....
Ein kveld vi sat på hytta på Lillehammer fant vi ut at vi skulle bestille pizza frå Peppe's. Telefonnummeret til Peppe's er 2222 5555, altså 2 i fjerde + fem i fjerde. Vi hadde eit svare strev med å rekne ut kor mykje dette blei (kvifor???), men kom til slutt fram til at svaret var 641. Vi budde på hytte nr. 642, så hyttenummeret vårt var alt så to i fjerde + fem i fjerde + ein.
Jens Sagevik kom dagen før parfinalen og ringte for å få greie på kva hytte vi var på. Han er som kjent heilt kalkis i hovudet sitt, så Arild sa at vi var på hytte nr. to i fjerde + fem i fjerde + ein og la på. Ingen var noko overraska når Jens'en eit kvarter seinare spaserte inn i hytta utan å banke på.
Dagen etter fortalte Jens at han ikkje hadde fått med seg oppgåva i det heile tatt, han hadde rusla rundt og sett etter ein bil med TV-skilt!