Eggleggingsvarsling

Frå Stryn bridgeklubb

Lisbeth og Kristian sit fredeleg ved bordet og brått dumpar det ned nokre spel. Pliktoppfyllande tek Lisbeth og Kristian kvart sitt spel og skal til å begynne å stokke dei... Haldor ser det heile og oppfattar at dei skal til å stokke spela som nabobordet nettopp har stokka og spelt og blir stum av skrekk. Han slit med å få fram orda, og til slutt ropar han høgt:

Kykkeliky!!!!

Lisbeth og Kristian sluttar sjølvsagt brått med det dei held på med og glor med store auge på Haldor.
- Varslar du egglegging? spør Kristian.
- Ja, seier Haldor, det er eit stort egg å stokke feil spel!