Du vil spele major når makker opnar i 3 kl

 

Makker opnar i 3 kløver og du har:

 

E K kn 9 7 2
5 4 2
6 5 4
3

 

Får du ikkje litt lyst til å spele 3 spar i staden for 3 kløver? I alle fall i parturnering, og i allefall hvis du har slike kort:

 

E K kn 10 9 7 2
4 2

6 5 4

3

 

Kva med denne handa:

 

E K kn 9 7
E 4 2
E 7 5 4
3

 

Her vil du gjerne høyre om makker har trekorts spar, ikkje sant?

 

Løysinga kan vere at over 3 kløveropning er 3 ruter overføring til hjerter og 3 hjerter overføring til spar, medan 3 hjerter/spar direkte er krav.

 

Det vil seie at med dei to første hendene melder du 3 hjerter over makker si 3 kløveropning. Makker melder 3 spar og du passar glad og fornøgd. (Om makker er glad for å bli speleførar med renons i trumf, er sjølvsagt eit anna (og ganske uinteressant) spørsmål).

 

Med siste handa melder du 3 spar, og makker seier fire med trekorts spar eller evt. dama dobbel og ellers dårlege grandkort. Hvis ikkje blir han nødt til å svare 3 NT, så dersom du har ein bråte med kongar i staden for essar, må du kanskje vurdere å droppe sparen og melde 3 NT sjølv.