Blackout

I dette spelet gløymde eg eit veldig viktig prinsipp som eg har lært av Lisbeth: Når du ikkje veit kva ei melding er, så ikkje pass.

Dette var korta mine - eg sat syd og vi meldte slik:

10 4
D kn 5 4
E kn 8 7 3
E D

Vest Nord (stakkars makker) Øst Syd (eg)
      1 ruter
1 spar X Pass 2 hjerter
Pass 3 kløver Pass Pass (gløymt prinsipp)
Pass      

 

  E K 9
E K 10 6
K 5
10 9 7 3
 
D 8 6 5 2
9 7 2
D 4
K 6 5
  kn 7 3
8 3
10 9 6 2
kn 8 4 2
  10 4
D kn 5 4
E kn 8 7 3
E D
 

Makker såg ikkje spesielt imponert ut over bordet, men tok sine 10 stikk... Eg skjønte at noko var feil, men denne blackouten varte i fleire timar, så eg var fortsatt ikkje sikker på kva gale eg hadde gjort. Eg forlot bordet og såg at Jens og Arild på nabobordet akkurat hadde meldt 7 hjerter. Då skjønte eg at salen sikkert var i 6 hjerter!

Vi såg ganske mørkt på situasjonen etter dette og deppa ein heil del over det begredelege resultatet. For spøk sa eg: Kanskje salen går beit i 6 hjerter... Det gjorde dei: Åtte par hadde gått beit i 6 hjerter, 7 hjerter og 6 NT, slik at 130 til nord/syd ga +2 :-)