Styret har i årsmøteperioden vore samansett slik;
Leiar Jan Gjertsen
Det har vore 4 styremøte i året, og noko er ordna pr. telefon. 8 saker er handsama.
Klubben hadde pr 31.12.05 64 medlemer; 59 A-medlemer
5 Juniormedlemer
Spelekveldar
Basisaktiviteten er spelekveldane i Peisestova i Førdehuset.
|
Periode |
Tal spelekveldar |
Bord i snitt pr kveld |
|
Våren 04.01 – 26.04 |
16 (18) |
9,1 (8,7) |
|
Sommaren 03.05 – 30.08 |
17 (16) |
7,0 (7,4) |
|
Hausten 06.09 – 20.12 |
16 (16) |
6,9 (8,2) |
|
Året under eitt |
49 (50) |
7,6 (8,1) |
|
|
|
|
Spelekveldane har jamt over godt oppmøte. Eit snitt på 7,6 bord (8,1 i 2004) og 49 spelekveldar (50) er ein nedgang frå førre år. Vi hadde auke på vinterspelinga, men med nedgang på sommar- og haustspelinga. 72 personar (71) fekk klubbpoeng i 2005. På sommarspelinga er det krinspoeng i bonus i tillegg til klubbpoeng. 28 personar (26) fekk til saman 86 krinspoeng (122).
Andre arrangement
Klubbmeisterskap/årsmøte/årsfest vart halde på Førde Hotell 26. februar 05. Det deltok 20 par i klubbmeisterskapen. Etter årsmøtet vart den formelle delen avslutta med middag og premieutdeling samt utdeling av nåler for oppnådde meisterpoeng. Også dette eit vellukka arrangement.
Heimeside
Heimesida er ei viktig informasjonskjelde for medlemane. Resultat og spelestensilar vert som regel lagt ut same kveld og oppdateringa elles er svært god med mykje informasjon.
Som før har Jonill Storøy gjort ein framifrå god jobb med utforming og oppdatering av heimesida.
Økonomi
Klubben har rimeleg god økonomi. Resultatrekneskapen vert oppgjort med eit overskot på
Kr. 6 963,38. Klubben mottok gåve på kr 1000,- frå Sparebanken Sogn og Fjordane. Klubben mottok kr 10.946,- frå NBF. Dette er Førde BK sin del av midlar NBF har fått tildelt frå Frifond som følgje av juniormedlemer. Av desse midlane er det sett av kr 7.000,- til rekrutteringstiltak i 2006. Styret har inngått avtale om dublering av kort til klubbkveldar og eigne turneringar. Vi har og noko dublering til andre klubbar.
Turneringar
Klubben arrangerte som tidlegare 3 turneringar; Påskebridgen i Angedalen, Førde-
turneringa i september og Gildeturneringa i romjula. I tillegg singelturnering i mai. Deltakarar:
Påsketurneringa 35 par (35).
Førdeturneringa 30 par (32).
Juleturneringa 33 par (33).
Singelturneringa 36 deltakarar.
Rekruttering
I 2005 vart det ikkje arrangert bridgekurs på grunn av for få interesserte. Dette må vi gjere noko med. Det har også gått nedover med frammøte av nybyrjarane på klubbkveldane. Kva er årsaka til det ? Styret er open for forslag. Sjå sak 6.
2005 var nok eit godt år for Førde BK.
Det er god breidde i toppen. 7 spelarar fekk KM-tittel i 2005.
Følgjande spelarar har fått nåler for meisterpoeng i 2005:
Kløvernål Hilde Skaaheim, Rune Sande, Frode Mossestad
Grandmeisternål: Jens Sagevik. Geir Hjelmeland. Nils Jakob Juklestad
Styret gratulerer!
Fleire spelarar i klubben har oppnådd gode plasseringar både i og utanfor fylket. Styret gratulerar !!!
Nr. 1
Førde 1 Torveig Botnen, Harald Eithun, Eirik Trontveit,
Jarle Øygard.
Øystein Erland
Nr. 2 Helge Sæterdal – Jarle T. Årdal
KM-par finale Hordaland
Nr. 4 Jonill Storøy – Per Chr. Gjerde
KM-mix
Nr. 1 og krinsmeister Jonill Storøy – Per C. Gjerde
Nr. 3 Torill A. Espe – Hans H. Kalhagen
NM-par finale.
Nr. 47 Jonill Storøy – Per Chr. Gjerde
Nr. 72 Ludvig Langedal – Magne Svardal
Nr. 75 Arild Hoff – Jens Sagevik
Nr. 77 Helge Sæterdal – Jarle T. Årdal
NM Monrad.
Nr. 23 Geir Hjelmeland – Arnt Ola Fidjestøl .
NM – Mix Lag
Nr. 1 og norgesmeister Randi Nyheim på lag med+++.
Styret gratulerer !!!!!
NM – Mix
Nr. 4 Lisbeth Yri – Haldor Sunde
SM 4. div.
SM 2.div damer
Nr. 1 Midt-Trøndelag 1.
Her spelte Jonill Storøy og Randi Nyheim.
Klubbmeisterskap
Nr. 1 og Klubbmeister Helge Sæterdal – Åsbjørn Hegrenes
Nr. 2 Ludvig Langedal – Leif Kvamsdal
Nr. 3 Geir Angedal – Jarle Ness
Påsketurnering Angedalen
Nr. 1 Sjur Bøe – Gullstein Rørstadbotnen
Nr. 2 Ludvig Langedal – Leif Kvamsdal
Nr. 3 Ole B. Førde – Audun Skogen
Nr. 2 Geir Hjelmeland – Geir Hoff
Nr. 3 Øystein Vasset – Rolf Helge Myren
Ferskingen – januar 05
Nr. 1 Hilde Skaaheim – Jarle Ness
Nr. 2 Berit Holme – Svein Høyland
Nr. 4 Skjalg Hjelmeland – Geir Hjelmeland
Nr. 5 Elin Gjelsvik – Per Chr. Gjerde
Nr. 6 Terje Engevik – Øystein Vasset
Nr. 7 Eirik Trontveit – Arild Hoff
Nr. 9 Torveig Botnen – Åsbjørn Hegrenes
Klubbpoeng gjennom året
Nr. 1 Øystein Vasset 618
Nr. 2 Per Chr. Gjerde 592
Nr. 3 Rolf Helge Myhren 544
Singelturneringa
Nr. 1 Jens Sagevik
Nr. 2 Jan Gjertsen
Nr. 3 Per Chr. Gjerde
ANDRE RESULTAT
Hennebygda
Nr. 2 Jonill Storøy – Lisbeth Yri
BK Grand 70 år. Lagturnering
Nr. 1 Lag Focus. Ludvig Langedal +++
Nigardsturneringa
Nr. 2 Jonill Storøy – Lisbeth Yri
Haramsøy
Nr. 3 Jonill Storøy – Terje Lie
Sande:
Nr. 2 Randi Nyheim – Sølvi Remen
Nr. 3 Geir Angedal – Jarle Ness
Måløy:
Nr. 2 Ludvig Langedal – Magne Svardal
Nr. 5 Jonill Storøy – Per Chr. Gjerde
Lærdal
Otta
Nr. 2 Jonill Storøy – Kenneth Skov
Lærum cup
Nr. 2 Helge Sæterdal – Jarle T. Årdal
Nr. 7 Åsbjørn Hegrenes – Åsmund Rakke
Fjord Line Cup
Torsdag
Nr. 3 Helge Sæterdal – Jarle Årdal
Sundag
Nr. 2 Jonill Storøy – Per Chr.Gjerde