Feil forklaring og kva ein bør forstå....

 

Spelet er frå ei turnering for ei stund sidan. Vi møtte eit par som eg trudde visste kva dei dreiv med. Dei burde i allefall vere såpass samspelte at dei skulle kunne forklare enkle systemting.

 

Eg sat nord og slik var korta mine:


D kn 8 6 5
kn 7
5 4
K 6 5 2

 

Vest

Nord

Øst

Syd

 

Pass

2 hjerter (svake to)

3 ru

X (allertert av øst)

Pass

3 hjerter

Pass

Pass

?? (no spurte eg)

 

 

 

Makker si innmelding er seriøs, og dersom vest har til å straffedoble 3 ruter ser det ut som 3 spar må vere ei ok kontrakt for oss, ikkje sant? Eg spurte øst kva doblinga var sidan han allerterte og fekk til svar at den var negativ. Med andre ord at den skulle syne spar og kløver. Då kunne eg ikkje melde, så eg passa. Makker spelte ut og når bordet kom ned var det ikkje vanskeleg å sjå at her hadde det skjedd ting.

 

Nord/ØV

D kn 8 6 5
kn 7
5 4
K 6 5 2

 

9 4 3
E 2
K 10 9 7
E 10 7 3

 

E 2
D 10 8 5 4 3
6 2
D 9 8

 

K 10 7
K 9 6
E D kn 8 3
kn 4

 


Tre hjerter med ni stikk ga oss delt bunn, og verken tevlingsleiar eller appellutval syns vi hadde gått glipp av noko. Snarare tvert om. Vi fekk for eksempel beskjed av motparten om at eg burde vere glad for at han tok ut 3 ruter dobla i 3 hjerter, for det var eit blodbad...???? So what? For det første er ein bånn ein bånn, for det andre vil eg ha moglegheita til å bestemme korleis eg skal få den sjølv. Ikkje fordi eg trur på mystiske forklaringar frå motparten. Ein anna klassiker som vi fekk høyre var at eg burde forstått at forklaringa var feil fordi "ingen brukar negative doblingar i denne possen". Enig, men eg kan ikkje melde på at eg trur at motparten sit og forklarar feil!

 

Etter turneringa snakka vi med folk som vi stolte på hadde betre bridgeforståing enn dei involverte her, og bestemte oss for å appellere til lovutvalet i NBF. No fekk eg ENDELEG lov til å melde :-) Her er brevet frå lovutvalet:

________________________________________________________________________________

Lu dømmer kontrakten til:

 

50% 3 hjerter med det antall stikk som ble oppnådd ved bordet.

25% 3 spar,x,-1 og

25% 3 spar,x,=

 

Som dommen viser, er dette ingen enkel dom. Til grunn for avgjørelsen legges:

1.        Doblingen blir alertert noe som antyder at en ikke er for straff.

2.        På spørsmål får Nord opplyst at doblingen er negativ. Dette viser at Nord vurderer å melde.

3.        Etter utspillet blir forklaringen korrigert til at det er straff eller evt forslag til straff. Spillefører eller blindemann skal rette feil forklaring før utspillet slik at    meldingene kan bli gjennopptatt. Det betyr her at Nord hadde fått en ny sjanse til å melde.

 

Det er ikke helt enkelt å fastsette et bestemt stikkantall for de aktuelle kontrakter, men vi har lagt oss på et stikkantall i spar som er sannsynlig alt etter hvordan motspillet går.

 

Appellgebyret returneres.

___________________________________________________________________________________

Hadde vi fått denne dommen i turneringa ville vi gått opp ein plass og fått ein betre premie. Slik det er no får vi ikkje pengane, men rykta seier at vi vil få dei tapte forbundspoenga. Uansett er det alltid godt å ha rett :-)