Aggresjon

Når ein ikkje har anna å gjere på ein laurdagskveld enn å spele på topbridge, må ein truleg finne seg i å bli ille plaga av med- og motspelarar...

  K kn 7 6  
     
  10 8  

Korleis få flest mogleg stikk i denne fargen? Eg fekk tre stikk og ingen tapar. Nokon betre? Tieren gjekk til dama og kongen og etterpå fekk åtteren segle uantasta rundt. Til slutt kom øst inn og spelte ein liten frå esset til knekten. Er det muuuuuuuuuuuliiiiiiiig? Resultatet var at eg fekk 11 stikk i 3 NT på dette mølet:

  K kn 7 6
8 7 5
E K 8
E 8 2
 
D 5
K kn 9 6 3
D 5 4 3
9 6
  E 9 4 3 2
E
9 7 2
D 5 4 3
  10 8
D 10 4 2
kn 10 6
K kn 10 7
 

Men trur du eg fekk topp? Å nei da!

Eg skjønte det kom til å bli trøbbel i dette meldingsforløpet:

E K 9 7 5 4
6
E K
E kn 4 2

Vest Nord Øst Syd (eg)
    2 hjerter X (1)
2 spar (2) 2 NT (3) 3 hjerter 3 spar (4)
Pass Pass (5) Pass  

 

(1) Mot betre vitande, opplysande doblingar endar alltid med forferdelse på Topbridge, men kva skal ein stakkar med gode kort gjere?
(2) Så opplagt psyk at det nesten er kjedeleg
(3) Sjå på korta hans, så ser du kor merkeleg denne meldinga er...
(4) Sjølv om eg veit at motparten sikkert har psyka, kan ikkje makker vite det, så dette må vere krav??
(5) Hadde eg ikkje vore så snill og avbalansert ville eg ha foreslått for han å skaffe seg ein ny hobby!

 

  D 3
kn 10 4
6 5 3
K D 10 5 3
 
10 8 2
9 5 3
D kn 10 9
8 7 6
  kn 6
E K D 8 7 2
8 7 4 2
9
  E K 9 7 5 4
6
E K
E kn 4 2
 

Trur du eg fekk bånn på 3 spar med 12 stikk? Å ja da!